Næringsliv i Øystese

I Øystese opnar Hardangerfjorden seg opp til eit fantastisk utsyn over fjorden, fjella og Folgefonna. Øystese er ei vakker bygd med eit sentrum som inneheld mykje. Her finn du mellom anna kjøpesenter, post, bank, bensinstasjon, pub, bowlinghall, badestrand, båthamn, kyrkje og fleire etestader.

Jordbruk og møbelproduksjon har lange tradisjonar i bygda og er framleis viktige næringar for lokal-befolkninga. I dag er også industri, varehandel og turisme viktige inntektskjelder for mange innbyggjarar.
 

 
H_Akvasenter_Logo_fisk_liggende.png

Hardanger Akvasenter gjer deg unik innsikt i akvakultur på ein av verdas vakraste fjordar. Velkomen til ei oppleving utanom det vanlege i hjartet av Noreg. Hos oss får gjestene sjå korleis oppdrett av laks føregår i praksis. Med undervasskamera installert, får gjestene eit godt inntrykk av livet i merden, og dei kan sjølv spasere ut på anlegget og ta laksen i augnesyn.

Steinstø Kai, 5612 Steinstø

Office: +47 56 55 55 40
Guide: +47 970 17 537
E-post: post@akvasenter.no

Nøring.jpg

Henta for hand og produsert for hand ved verdas vakraste fjord!

Sjå etter dei store smaksopplevingane frå Hardanger på krukker og glas frå Nøring. Ein frisk og naturleg smak utan bruk av kunstige konserveringsmidlar. Me lagar tradisjonell Hardangerbakst og eit allsidig produktspekter av godbitar frå naturen sitt spiskammers. Sjå vår fullstendige produktliste og oversikt over utsalsstader i Norge. Kontakt oss gjerne: Ein dessert i verdsklasse er berre eit telefonnummer unna.

Fruktlageret i Øystese, Sjusetevegen 27, 5610 Øystese
Telefon: (+47) 56 55 47 00

Kvam næringsråd_logo.png

Kvam Næringsråd har teke mål av seg å øva innverknad på utvikling av næring og samfunn i Kvam i ei retning som kan gje auka vekst både i arbeidsplassar og innbyggjarartal. Det er eit ambisiøst mål, og for å dette til treng vi breidast mogeleg oppslutnad frå næringslivet. Eit høgt medlemstal gjev tyngde til dei utspel vi gjer og dei saker vi engasjerer oss i.


Sjusetevegen 27, 5610 Øystese
Tlf: 913 47 997
E-post: knr@kvamnet.no

ØMV_Bilsenter.jpg

Postadresse: P.boks 93 5604, Øystese
Besøksadresse: Lundanes 2, 5610 Øystese
Telefon: 56 55 03 00
Dagleg leiar: Leif Gjerde
Telefon: 901 20 128

Næringshagen i Hardanger.png

Den regionale Næringshagen i Hardanger AS bind, som Hardangerbrua, saman Hardanger til eitt nærings- og vekstområde. Vil du starta noko nytt, eller utvikla eksisterande verksemd, kan du få hjelp frå Selskapet for industrivekst (SIVA) sin næringshage i Hardanger!

Sjusetevegen 27, 5610 Øystese
Tlf: 900 70 848
E-post: nih@hardangerhagen.no