Tettstadane i Kvam

Velkomen!

IMG_0825.JPG

Ålvik

Namnet Ålvik kjem av treslaget older, og ligg på nordsida av Hardangerfjorden, omlag to timars køyring aust for Bergen og ca. 20 km frå Øystese, retning Voss. Ålvik har eit lite og hyggjeleg sentrum med butikk, post, skule, Kyrkje, barnehage og omsorg bustadar. Ålvik som en landsby har en matbutikk, postkontor, skole og kirke og en aktiv lokalbefolkning. 

Våren kjem tidlegare til Ålvik enn til resten av Kvam, noko som skapar god grobotn for eit rikt planteliv. Ei av dei mest sjeldne plantene er Kvit skogfrue, (orkidéfamilien) som er freda og har eit nasjonalt tyngdepunkt i Hardanger og finnast ofte enkeltvis langs vegkanten av Fv.7. 

Ålvik tilbyr 3 fine turområde med merka stiar i høgfjella med start frå 608 moh. Ein kort og lett tur opp trappene frå FV.7 til Kjepso er velkjent frå «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». 

I Ålvik ligg smelteverket Elkem AS Bjølvefossen med omlag 150 tilsette. Det Elkem-eigde smelteverket produserer FeSi og MgFeSi.

Norheimsund omslag.jpg

Norheimsund

Norheimsund er kommunesenter i Kvam og regionsenter for Hardanger med om lag 3.500 innbyggjarar. Service og trivnad er vårt nøkkelord og sentrum tilbyr breie fortau og trivelege møteplassar., som i 2013 vart tildelt "Statens pris for attraktiv stad" kåring av «mest attraktive tettstaden i Noreg». 

Handlegate med over 40 spesialbutikkar, hotell i sentrum og fleire restaurantar. 

Thon Hotel Sandven er sentralt i sentrum med den særprega ‘Spisesalen’ frå 1897. 

I den trivelege handlegata finn er sport, vinmonopol, apotek, daglegvarer, bank, og post. 

Gjestehamn

Norheimsund ligg inst i si eiga lune og trygg bukt. Flyteanlegget i sentrum har kai med straum og vatn på alle postar. I bygningane finn du toalett, dusj, vaskerom og trådlaust internett 

Trafikknutepunkt

Norheimsund er trafikknutepunktet i Hardanger. Dagleg går det 10 bussar til Bergen med korrespondanse vidare til Flesland Lufthamn. Haukeli-ekspressen fører deg til Oslo eller Kristiansand tre gonger dagleg. Det er snøggbåtrute innover fjorden i sommarsesongen. 

Natur

Strandvegen kransar bukta og bind foss og fjord saman. Ein gå trygt langs fjorden mellom Hardanger Fartøyvernsenter, forbi gjestehamna, langs det stille Movatnet og den unike Steinsdalsfossen, der stien svingar seg inn bak fossen. Livet e’ herleg!