Offentleg informasjon

Brann: 110 / 948 48 110 (Kvam)
Politi:
112 / 02 800
Ambulanse: 
113
Legevakta i Kvam:
56 55 19 10 /116 117 
Ruteopplysningar:
177
Turistinformasjon i Norheimsund:
56 55 31 84
TAXI Norheimsund Øystese:
56 55 25 25 / 07000
TAXI Ålvik:
940 89 208
TAXI Strandebarm: 971 67 444

 

Velkomen til Kvam!

Kvam herad er inngangsporten til Hardanger. Regionen vår har vore eit viktig europeisk reisemål heilt sidan 1800-talet, og er kjend for både sin vakre natur og sitt rike kulturliv. Her er det mange moglegheiter for eit aktivt friluftsliv, både sumar og vinter, og både i fjellet og på fjorden.

Kommunen har i underkant av 8500 innbyggjarar, og ligg langs nordsida av Hardangerfjorden. Næringslivet er variert, med både jordbruk, industri og handel. Eit rikt organisasjonsliv og eit stort utval av kulturtilbod bidreg også til eit mangfaldig og levande samfunn, der du kan gå på fjellet om morgonen og på konsert om kvelden.

Kvam er ein god stad å veksa opp, og har eit godt utbygd skuletilbod som også omfattar vidaregåande skular. Regionssenteret Norheimsund er prisløna som ein attraktiv tettstad. Her finn ein både handlegate og ein vakker strandveg. Få kilometer unna, langs ny sykkelveg, ligg Øystese. Der finn ein Hordaland sin tusenårsstad, kunsthuset Kabuso. Eit steinkast unna opnar helse-, symje- og badesenteret Hardangerbadet i desember 2019.

I tillegg til desse to bygdesentra finn ein bygdesentra Strandebarm og Tørvikbygd, og industristaden Ålvik. 

Kanskje er du nyfiken på Kvam som meir enn turist? På nettsidene kvam.no finn du meir informasjon også for deg som er eller vurderer å verta nytilflyttar til Kvam.  Er du på jakt etter jobb i Kvam finn du ledige stillingar i Kvam herad på nettstaden Webcruiter.

På Lagsportalen vår finn du både oversikt over lag og organisasjonar i Kvam, og oversikt over komande hendingar og aktivitetar.