Mo gardsferie

 

Mo gardsferie ligg i Øystese og er eit heilårsope overnattingstilbod. Norunn og Per Rykken leiger ut to hus på garden. Stort og romsleg gardshus og ei koseleg tømra stove.Husdyrproduksjon er basert på storfe med mjølk som hovudproduksjon. Hagebruk med frukt og bær. Mo Gardsferie ligg i eit ope og grønt landskap med kort veg til Hardangerfjorden og utgangspunkt til fjell med fine toppturar. Det er ca. 10 minuttar gangavstand til Øystese ved Hardangerfjorden. Der fins det bl.a to butikksenter, tusenårstaden Kabuso, Ingebrigt Vik museet og park med skulpturar av Øystein Laupsa. Nedanfor parken er det kvit badestrand og med den berømte James Turrell sin installasjon Skyspace.

Dagsturar frå Øystese kan vera til: Baroniet i Rosendal, Trolltunga, Bergen, Voss og Sognefjorden eller Hardangerfjorden rundt.

Kontakt oss
Vil du ha meir informasjon eller ynskjer du å  å leige? Ta kontakt med oss oss på epost eller telefon.
Ved bestilling treng me opplysningar om navn og adresse. Antall vaksne og born. Når kjem du? Avreisedato. Gje beskjed om du  har spesielle ynskje. Har du med sengetøy eller vil du leige det av oss? Vil du reingjere sjølv eller vil du leige oss til å ta sluttreingjering?


 

KONTAKT

Norunn og Per Rykken
Sjusetevegen 145, N-5610 Øystese, Norway
Tlf: 56 55 58 65
Per: +47 97 01 85 64
Norunn: +47 41 10 48 84
E-Post: prsbonde@online.no