Kafé og restaurant

I Kvam får du smaka lokale ganegledar som Hardinglam, lefser, eplekaker, sider og mykje meir. Hardanger er kjent for frukt av særs høg kvalitet, som til dømes epler, plommer og moreller.

Kvam har mange ulike serveringstilbod. 

Velkomen!

 
Thon Hotel_Restaurant.jpg

Thon Hotel Sandven

Vi har ett hotell i Norheimsund, ærverdige Thon Hotel Sandven. Hotellet ligger idyllisk til i Norheimsund sentrum rett ved fjordkanten med egen strandsone. Norheimsund ligger en knapp biltur fra Bergen og er et tettsted i Kvam herad i Hordaland fylke med drøye 4 000 innbyggere.

E-post: sandven@olavthon.no, Tel: +47 56 55 20 88

_DSC1984.jpg

Steinstø fruktgard

Kafé og gardsutsal like ved FV7. Kafeen har vedunderleg utsikt over Hardangerfjorden og Folgefonna. I utsalet finn du frukt og bær frå Steinstø fruktgard, og syltetøy, gelear, kaker og lefser produserte på garden. Me har òg produkt frå andre lokale verksemder.

Tlf.:+47 92 25 26 37 (frukt og bær) +47 99 69 15 27 (kafé og gardsmat). 
E-post: post@steinsto-fruktgard.no.  

kafe.JPG

Hardanger Fartøyvernsenter

Opne maritime verkstader og aktivitetar for alle. Lag tau, leikebåt eller leig tradisjonsrik robåt. Skiftande utstillingar og filmar. Handverksprodukt til sals. Kaféen har heimelaga småretter. Fartøyvernsenteret ligg i Norheimsund sentrum.

Tlf.: 474 79 839

La Fiesta

Nedstegata 12, 5600 Norheimsund
Tlf.: 56 55 10 77

Kabuso og I. Vik.JPG

Kunsthuset Kabuso

Kafé med lokale produkt, heimebaka mat og kaker og framifrå utsikt mot Hardangerfjorden og Folgefonna. Kabuso har og ein butikk med gode kunstbøker og teiknemateriell og gåveartiklar. 

Tlf.: +47 474 79 987
E-post: post@kabuso

DJI_0007.JPG

Kremen konditori

På Kremen blir alt laget fra bunnen av og kun med de beste råvarer, for å sikre at våre kunder får de beste smaksopplevelser når de handler hos oss.

Nedstegata 25, 5600 Norheoimsund
Tlf.: 91 12 49 82

IMG_1260.JPG

Kafè Krus

Kafè med catering og selskap. Heimelaga mat.

Sjusetevegen 3, Øystese
Ring 452 33 090
kafekrus@outlook.com

 

Norheimsund omslag.jpg

Kaffimat

Kaffimat er ein kafé i Straumen senter i Norheimsund. Blant spesialitetane finn du espresso, cappuccino, caffé latte og andre kaffidrikkar, lunsjrettar som salatar, panini, baguettar og liknande. Kvar torsdag (utanom sommarmånadene) serverer me komler (raspeballar) som kan nytast i kafeen eller du kan ta dei med heim. 
Me tilbyr også catering, ta kontakt for tilbod!

Om sommaren "flyttar" me ned til Kaffimat på kaien i gjestehamna i Norheimsund når veret tillet det. Då vert Kaffimat i Straumen stengt,- ved dårleg ver, er det omvendt.

Straumen senter Grove 10, Norheimsund
Ring: 56 55 40 41
E-post: post@kaffimat.no