Gardsmat

I Kvam får du smaka lokale ganegledar som Hardinglam, lefser, eplekaker, sider og mykje meir. Hardanger er kjent for frukt av særs høg kvalitet, som til dømes epler, plommer og moreller.

Kvam har mange ulike serveringstilbod. Velkomen!

 
_DSC1984.jpg

Steinstø frukt- og kakebu

Kafé og gardsutsal like ved FV7. Kafeen har vedunderleg utsikt over Hardangerfjorden og Folgefonna. I utsalet finn du frukt og bær frå Steinstø fruktgard, og syltetøy, gelear, kaker og lefser produserte på garden. Me har òg produkt frå andre lokale verksemder.

Tlf.: (+47) 922 52 627 (frukt og bær), (+47) 996 91 527 (kafé og gardsmat). 
E-postpost@steinsto-fruktgard.no.  

_DSC9880.jpg

Sjøtunet Landhandel

Me sel produkt primært frå eigen gard og nokre produkt frå andre lokale produsentar.

- Kjøtt
- Bringebær
- Plommer
- Skinn

Alf (+47) 970 39 591 , Torunn (+47) 907 04 190, E-Post: sjotunet@gmail.com

Papirprøve.jpeg

Haust Hardanger

Tørka eple, pære, plomme er vår spesialitet – naturleg smak utan tilsetjingar. Me nyttar dei resursane som er på garden. Den tørka frukta vert også nytta som ingrediens i kjeks, kaker, chutney. Det gjer produkta spesielle og med vår identitet.  

Adr.: Krokatveitvegen 41, Ytre Ålvik, 5614 Ålvik. Tlf.:  470 32 885

_DSC8983.jpg

Gamlastovo Gardsrestuarant

Gamlastovo Gardsrestaurant på Fykse er ein av dei mest unike, ekte og intime gardsrestaurantane i Hardanger. 

Gamlastovo er ei koseleg tømmerstove frå 1810 og ligg i eit roleg grendemiljø med fantastisk kulturlandskap. Det vert servert rettar av heimeprodusert og lokal mat. Restaurant og selskapslokale som passar for alle typar feiringar. Garden har eige pølsemakeri og byr gjestene smaksprøvar og høve til kjøp av lokale kjøtvarer.

Nydelege dessertar og drikke fra eigen hage.

Tlf: (+47) 97 16 85 11, E-post: afykse@icloud.com

Gardsmatbutikken.jpg

Gardsmatbutikken i Øystese

I bygget til Kvam Fruktlager i Øystese finn du gardsmatutsal, FK-butikk og produksjonslokale for Nøring. I andre etasje er det kontor for Næringshagen i Hardanger, rekneskapskontor og NLTH (avløysarlag og vikarbyrå).

Sjusetevegen 27, Øystese. Tlf.: 56 55 50 48

Sjuragarden m_logo.jpg

Sjuragarden

Ein fruktgard på Valland like ved FV7 og like i fjøresteinane av Hardangerfjorden. Hovudproduksjonen vår er epler. I dag har me ca. 8.500 trær på garden og nyttar desse i eigen produksjon.

I gardsutsalet på tunet sel me eigenprodusert eplejuice og syltetøy av ulike slag.
Tilbyr også mykje godt frå andre produsentar.

Adr: Hardangerfjordvegen 225,  5600 Norheimsund
Mail: karin@sjuragarden.no
Tlf.: 992 78 212, Karin Valland
 

IMG_9945_1.jpg

Bjørketeigen gard

I den renoverte røykstova på Bjørketeigen Gard er ein triveleg kafé der du m.a. kan nyte heimelaga tradisjonsbakst som lefser og potekaker. Røykstova er del av eit gamalt gardstun med våningshus, låve, stabbur og er dekorert med gamle ting frå garden. Bjørketeigen Gard ligg nær den kjende Steinsdalsfossen i Norheimsund, og du kan m.a. gå den omlag 300 lange strekninga frå parkeringsplassen ved Steinsdalsfossen til Bjørketeigen Gard på gang- og sykkelveg. Lokala i røykstova høver og godt for grupper og tilstellingar og har plass til 20-30 personar.

Adr.: Steinsdalsvegen 177, 5600 Norheimsund, Tlf.: 48 13 34 22

DJI_0016.JPG

Kvamskogen Landhandel

Hos oss på Kvamskogen Landhandleri får du alt du trenger av dagligvare, i tillegg mye annet snadder du trenger.

eplebg.jpg

Spildegarden

 Bli med Eplebonden og Eplebudeia på ein reise i Spilde mostens verden med smak, produksjon og historie. 

Tilbyr også Lunsj i eplehagen; Nyt vår innhaldsrike kurv med lokalmat og drikke til utsikten av fjord og fonn. 

Adr.: Nedre Vik 78, 5610 Øystese
Tlf: 915 59 879, E-post: ghspilde@gmail.com