Fotturar

Steinsdalsfossen er ein av Noregs mest besøkte fossar. På godt opparbeida sti kan du gå bak fossen og nyta naturen sine krefter.

Ved Gullfiskvatnet som ligg 5 km frå Øystese, kan du mate gullfiskane frå land. I tillegg til naturattraksjonar har Kvam fleire museum som Hardanger Fartøyvernsenter eller Ingebrigt Vik museum/ Kunsthuset Kabuso. Les meir om dei enkelte utfluktsmål under "Attraksjonar".

Velkomen!

 
Oktober 09 100.JPG

Hardanger Hiking

Guida turar i vakker natur!
Hardanger Hiking gjev deg unike naturopplevingar utanfor allfarveg og turistvrimmelen. Vi tek deg med til idylliske stølar og fjelltoppar med fantastisk utsikt over vestlandsk fjordlandskap, isbre, fjell og djupe dalar. Turane går i eit skogs- og fjellområde som ikkje er oppdaga av dei store turiststraumane. Alle våre turar har lokalkjend guide som fortel historia om korleis bønder og andre har brukt området gjennom generasjonar.