Arrangement og kultur

Kvam har eit rikt utval arrangement gjennom året. Blant dei største finn me Hardingtonar og Hardanger Trebåtfestival i juni månad og Siderfestival i oktober er årlege arrangement for heile familien.

Velkomen!

 

Konsertar i Kabuso

Kabuso arrangerar ei rekkje konsertar i ulike sjangrar. Alt frå klassiske matinékonsertar til jazz, folkemusikk, viser og populærmusikk. Huset har er ein særmerkt kammermusikksal med plass til 150 tilhøyrarar.

Tlf.: 474 79 987
E-post: post@kabuso

Bygdalarm

Bygdalarm er ein norsk populærmusikkfestival som sidan 2007 vart arrangert 10 gongar i Øystese, tok eit pauseår i 2017, og fekk ein ny start i Norheimsund i 2018. Festivalen vert arrangert fyrste helga i juli (5.-7.juli 2019). Under Bygdalarmparaplyen vert det arrangert musikalske hendingar som Badnalarm for born, gjendiktingar av songtekstar i Littlarm og Påskalarm. Festivalen vert torsdagen før festivalen sparka i gong med triathlonet Lurkalarm.

Festivalsjef: Ida Sørheim, ida@bygdalarm.no, Tel: 920 85 054
Nestleiar og artistansvarleg: Siri Sandven Oma, siri@bygdalarm.no
Produsent/Teknisk ansvarleg: Alvin Vestrheim, alvin@bygdalarm.no
Operativ vakt- og områdesjef: Ole Dominicus Storaas Ones, ole@bygdalarm.no
Område- og bookinggruppeansvarleg: Tonje Helgheim, tonje@bygdalarm.no
Økonomiansvarleg: Ingvild Risnes Skeie, ingvild@bygdalarm.no
Frivilligansvarleg: Johanna Valland, johanna@bygdalarm.no
Booking: Kirsti Aksnes, kirsti@bygdalarm.no, Tel: 452 43 491
Presseansvarleg: Maria Pile Svåsand, presse@bygdalarm.no, Tel: 959 67 881

Hardanger Trebåtfestival

Norheimsund 15. - 17. juni. Den perfekte start på sommaren
Med Hardanger fartøyvernsenter, god hamn og vakre omgjevnadar er Norheimsund ein naturleg arena for vestlandet sin trebåtfest. Her skaper me ein fagleg og sosial møteplass for trebåtfolk og landkrabbar. For dei som enno ikkje er trebåtfrelst byr festivalen på underhaldning, gode opplevingar og ny kunnskap. Me frir ekstra til dei små med kjekke barneaktivitetar, sjørøvartokt og leikebåtverkstad. Kaiområdet i sentrum er gjort om til ein triveleg festivalarena med trebåtar ved kai og marknad på land. Her finn du handverksprodukt, maritime artiklar, antikvitetar, aktivitetar og god mat. I tillegg blir det stilt ut skinande veteranbilar og gamle oljeglinsande motorar. Alt dette fint krydra med underhaldning og musikk frå festivalscena.

E-post: info@trebaat.no, Tlf.: 950 34 496

Kinck-dagane i Strandebarm

Strandebarm 21.-22. juni 2019.
Årleg arrangement med innhald av diktaren Kinch i form av skodespel, musikk og anna underhaldning.


Hardanger Fartøyvernsenter

Opne maritime verkstader og aktivitetar for alle. Lag tau, leikebåt eller leig tradisjonsrik robåt. Skiftande utstillingar og filmar. Handverksprodukt til sals. Kaféen har heimelaga småretter. Fartøyvernsenteret ligg i Norheimsund sentrum.

Tlf: 474 79 839

Hardingtonar

7.-10. juni 2018
Hardingtonar er ein årleg musikkfestival, som har vore arrangert kvar juni sidan 1991. Festivalen vil fremja norsk musikk i vidare meining. Årleg deltaking av Bergen Filharmoniske Orkester. Geirr Tveitt sin musikk er sentral i Hardingtonar.

E-post: post@hardingtonar.no

Siderfestival i Øystese

5.-7. oktober 2018!
Tradisjonen tru held Siderfestivalen også i komande haust eit heidundrades opplegg med gode smakar, finfin stemning, konkurransar, marknad og alt det gode med hausten Og som om dét ikkje var nok, så har me sjølvsagt tinga strålande vær!

For meir informasjon kontakt Marit Buttingsrud på
tlf.: 901 52 038 eller e-post: post@siderfestival.no

Ålvik Rock

Norheimsund 5 - 7. september.
Kom og opplev industribygda i hardanger. Smelteverk, arbeiderklasse metall, "Heavy Metal", blant rural natur, høge fjell og vakre hardangerfjorden!