Aktivitetar

Steinsdalsfossen er ein av Noregs mest besøkte fossar. På godt opparbeida sti kan du gå bak fossen og nyta naturen sine krefter.

Ved Gullfiskvatnet som ligg 5 km frå Øystese, kan du mate gullfiskane frå land. I tillegg til naturattraksjonar har Kvam fleire museum som Hardanger Fartøyvernsenter eller Ingebrigt Vik museum/ Kunsthuset Kabuso. Les meir om dei enkelte utfluktsmål under "Attraksjonar".

Velkomen!

 
 

Fyksesund Landskapspark

Fyksesund Landskapspark ligg ca.10km aust for Øystese. Eit flott område tilrettelagt for natur- og kulturopplevingar. Merka turstiar og gratis turkart som ein finn hos Steinstø frukt- og kakebu og Hardanger Akvasenter. Lokale overnattingsplassar og serveringsstadar med lokale smaksopplevingar.  Frå Kaien på Steinstø finn du i publikumsmottaket til Hardanger Akvasenter fleire moglegheiter for flotte naturopplevingar i sumarsesongen. Kano- og kajakkutleige, guida båt og fjellturar med meir.

Steinsdalsfossen

Ein av Noregs mest besøkte fossar og ligg like ved Rv 7, 2 km frå Norheimsund mot Bergen. Steinsdalsfossen har eit fall på 50 m og er spesiell fordi du kan gå på baksida utan å verta våt. Det går sti frå parkeringsplassen og opp under fossen, ein fin liten spasertur. Steinsdalsfossen er på sitt største og flotteste i mai - juni under snøsmeltinga.

Hardanger Akvasenter

Hardanger Akvasenter gjer deg unik innsikt i akvakultur på ein av verdas vakraste fjordar. Velkomen til ei oppleving utanom det vanlege i hjartet av Noreg.

Hos oss får besøkande sjå korleis oppdrett av laks føregår i praksis. Med undervasskamera installert, får gjestene eit godt inntrykk av livet i merden, og dei kan sjølv spasere ut på anlegget og ta laksen i augnesyn.

Kontor: 56 55 55 40 // Guide: 970 17 537
E-post: post@akvasenter.no

Jettegryter

Jettegyterne i Fitjadalen ligg langs Sogestien og er lett tilgjengelege. Ein kan køyra opp til Fitjadalen / Fete der det er parkeringsplass.

Hardanger Fartøyvernsenter

Opne maritime verkstader og aktivitetar for alle. Lag tau, leikebåt eller leig tradisjonsrik robåt. Skiftande utstillingar og filmar. Handverksprodukt til sals. Kaféen har heimelaga småretter. Fartøyvernsenteret ligg i Norheimsund sentrum.

Tlf: 474 79 839

Sjøtunet

Båt: Hjå oss kan du leige ulike type båtar for den ultimate fjordopplevinga.
Kajakk: Nyt å skli stille bortover havoverflata...
Turar med Guide: Ynskjer du å få endå meir ut av opplevinga på sjøen?

Alf (+47) 970 39 591, Torunn (+47) 907 04 190
E-Post: 
sjotunet@gmail.com

Norheimsund Rib Seafari

Opplev Hardangerfjorden frå vår nye, trygge, komfortable og raske rib-båt. Frå hjarta av Norheimsund til avsidesliggjaånde stadet med erfaren båtførarar og guider. Fleire avgangar dagleg.

E-post:
info@norheimsundrib.no
Mobil: 48 11 42 82

Båt_Turistruta.JPG

Hardangerfjord Sightseeing

Dagleg fjordcruise med avgang frå Norheimsund t/r Eidfjord med anløp i Herand, Utne, Lofthus, Kinsarvik, Ulvik og Eidfjord. Korresponderer med buss frå Bergen. I Eidfjord kan du bli med på sightseeing til Hardangervidda Natursenter og Vøringsfossen.

Kunsthuset Kabuso

Kabuso arrangerar ei rekkje konsertar i ulike sjangrar. Alt frå klassiske matinékonsertar til jazz, folkemusikk, viser og populærmusikk. Huset har er ein særmerkt kammermusikksal med plass til 150 tilhøyrarar.

Tlf.: +47 474 79 987
E-post: post@kabuso

Bading i fjord og fjellvatn

Kommunale badeplassar finnes ved stranda i Norheimsund, og Øystese.

Mange badestrender med fasilitetar kan finnast langs fjorden på strekninga Strandebarm - Ålvik,: Ljonestangen  (Ljones), i Eidesvågen (Tørvikbygd), ved båthamna i Vikøy, Holmsund (Skipadalen), Laupsa (Øystese) og Tyrvefjøra  i Ålvik.

I Kvam finnast det også mange fjellvatn ein kan bada i, til dømes Krokavatn, Skårsvatnet og Fitjadalsvatnet.

Hardanger-Bike

Start sykkeleventyret ditt i Hardanger med å leiga sykkel på:
Hardanger Feriesenter: Tlf.: 920 50 955
Turistinformasjonen ved Steinsdalsfossen: Tlf.: 56 55 31 84

Gode sykkelvegar sentralt i Kvam.