Aktivitetar og kultur

Steinsdalsfossen er ein av Noregs mest besøkte fossar. På godt opparbeida sti kan du gå bak fossen og nyta naturen sine krefter.

Ved Gullfiskvatnet som ligg 5 km frå Øystese, kan du mate gullfiskane frå land. I tillegg til naturattraksjonar har Kvam fleire museum som Hardanger Fartøyvernsenter eller Ingebrigt Vik museum/ Kunsthuset Kabuso. Les meir om dei enkelte utfluktsmål under "Attraksjonar".

Velkomen!

 
 
Fykse.JPG

Fyksesund Landskapspark

Fyksesund Landskapspark ligg ca.10km aust for Øystese. Eit flott område tilrettelagt for natur- og kulturopplevingar. Merka turstiar og gratis turkart, lokale overnattingsplassar og serveringsstadar med lokale smaksopplevingar.  Frå Kaien på Steinstø finn du i publikumsmottaket til Hardanger Akvasenter fleire moglegheiter for flotte naturopplevingar i sumarsesongen. Kano- og kajakkutleige, guida båt og fjellturar med meir.

Skjermbilde 2018-05-07 kl. 13.18.33.png

Jettegryter

Jettegyterne i Fitjadalen ligg langs Sogestien og er lett tilgjengelege. Ein kan køyra opp til Fitjadalen / Fete der det er parkeringsplass.

Steinsdalsfossen aug.2016.JPG

Steinsdalsfossen

Ein av Noregs mest besøkte fossar og ligg like ved Rv 7, 2 km frå Norheimsund mot Bergen. Steinsdalsfossen har eit fall på 50 m og er spesiell fordi du kan gå på baksida utan å verta våt. Det går sti frå parkeringsplassen og opp under fossen, ein fin liten spasertur. Steinsdalsfossen er på sitt største og flotteste i mai - juni under snøsmeltinga.

ropemaking.jpg

Hardanger Fartøyvernsenter

Opne maritime verkstader og aktivitetar for alle. Lag tau, leikebåt eller leig tradisjonsrik robåt. Skiftande utstillingar og filmar. Handverksprodukt til sals. Kaféen har heimelaga småretter. Fartøyvernsenteret ligg i Norheimsund sentrum.

Tlf: 474 79 839

DJI_0001.JPG

Furedalen Alpin

Furedalen, Kvamskogen, Postboks 5, 5601 Norheimsund, Tlf.: 56 55 89 49  

_DSC8376.jpg

Sjøtunet

Båt: Hjå oss kan du leige ulike type båtar for den ultimate fjordopplevinga.
Kajakk: Nyt å skli stille bortover havoverflata...
Turar med Guide: Ynskjer du å få endå meir ut av opplevinga på sjøen?

Alf (+47) 970 39 591Torunn (+47) 907 04 190
E-Post: 
sjotunet@gmail.com

Linda Lid.jpg

Linda Lid

Keramikk brent i ca 1300’C i ein vedfyrt mursteinsomn på gamal Fransk vis som gjer ein original særeigne fargespel.

Tlf.: (+47) 480 79 468
E-post: lindalid@start.no
Adr.: Grøningsvegen 59, 5630 Strandebarm

Kabuso og I. Vik.JPG

Kunsthuset Kabuso

Kabuso arrangerar ei rekkje konsertar i ulike sjangrar. Alt frå klassiske matinékonsertar til jazz, folkemusikk, viser og populærmusikk. Huset har er ein særmerkt kammermusikksal med plass til 150 tilhøyrarar.

Tlf.: +47 474 79 987
E-post: post@kabuso

7 -Bading Norheimsund.JPG

Bading i fjord og fjellvatn

Kommunale badeplassar  finnes ved stranda i Norheimsund, og Øystese.

Mange badestrender med fasilitetar kan finnast langs fjorden på strekninga Strandebarm - Ålvik,: Ljonestangen  (Ljones), i Eidesvågen (Tørvikbygd), ved båthamna i Vikøy, Holmsund  (Skipadalen), Laupsa (Øystese) og Tyrvefjøra  i Ålvik.

I Kvam finnast det også mange fjellvatn ein kan bada i, til dømes Krokavatn, Skårsvatnet og Fitjadalsvatnet.

HardangerBike.JPG

Hardanger-Bike

Start sykkeleventyret ditt i Hardanger med utleige i Øystese. Opplevinga startar med godt utstyr og gode turtips. Me tilbyr begge deler! 

Utleige også ved turistinformasjonen

IMG_2547.JPG

Spildegarden

Gardsutsal
Leigepressing
Lag di eiga eplesaft
Eplemostsmaking
Nonskorg

Adr.: Nedre Vik 78, 5610 Øystese
Tlf: 915 59 879, E-post: ghspilde@gmail.com