Kvam

Velkomen til Kvam!

I Kvam - ei perle berre éin time frå Bergen - ligg attraksjonane tett i tett.

Den langstrakte kommunen i Hardanger har vore eit ynda reisemål i generasjonar, og det er ikkje utan grunn. Med fjordcruise, unike fossar, stolte tradisjonar, eit rikt kulturprogram og ei rekke spanande attraksjonar og aktivitetar tilgjengeleg heile året, er Kvam ei perle som er vanskeleg å skildra med ord. Det er nesten noko du må oppleva sjølv. Velkomen!

Sjå alle

Fleire opplevingar

Om Kvam

Kvam herad er ein langstrakt kommune ved Hardangerfjorden - kun ein time frå Bergen.

I Kvam finn du aktivitetar og attraksjonar som passar perfekt for folk i alle aldrar. Blant anna ligg store deler av Nasjonal Turistveg Hardanger her i kommunen, og langs ruta kan du oppleva Steinsdalsfossen. Det er ein verkeleg unik foss du kan gå under! Ein kjem heller ikkje utanom spanande aktivitetstilbod som RIB-turar inn Fyksesundet, Hardanger Fartøyvernsenter og visningssenter for akvakultur. Desse, i tillegg til Hardangerfjord Sightseeing frå Norheimsund, gjev deg høve til å oppleva verdas vakraste fjord på ein måte du aldri vil gløyma.

Men det er ikkje berre fjordopplevingane som er spektakulære i Kvam. Her har ein også ei rekke spanande museum, gode restaurantar, flotte fotturar, toppmoderne badeanlegg og idylliske fjordbygder som til dømes Norheimsund, Øystese, Strandebarm, Vikøy, Ålvik og mange fleir. Alternativa er mange! På denne sida finn du oversikt over kva som er verdt å få med seg her i kommunen.

Red DSC08762
Sjå alle

Overnatting

Komande hendingar

Sjå alle

Restaurantar

Bli inspirert

Nyttig informasjon

Norled Hardangerfjord Sightseeing 1