Offisiell turistinformasjon - Kvam herad

visitkvam.no

Norsk bokmål (Norway)Deutsch (DE-CH-AT)English (United Kingdom)
Tur forslag
Rundtur Indre Hardanger: Odda

Ta ferja frå Kvanndal til Utne og så 550 mot Odda. På vegen kan du sjå på Agatunet som er eit av dei få bevarte klyngetuna som vi hadde mange av i Noreg i tidlegare tider. Her finn du eineståande døme på vestnorsk byggjeskikk frå mellomalderen og fram til i dag. Så passerar du Bleietunet på Nå, ein fruktgard med historie. Om sommaren er det faste guida turar gjennom frukthagen. På Nå ligg også Måge gardsbutikk som er sommaropen. Litt forbi Odda i Tyssedal ligg Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum. Om du tør kan du ta trallebana og gå heilt inn til den spektakulære Trolltunga (lang fottur). Reis vidare opp gjennom fruktbygda Lofthus til Kinsarvik med den populære familiparken Mikkelparken. Ta til slutt ferja over fjorden til Kvanndal (ev. frå Bruravik til Brimnes) og heim til Kvam att.

 
Hardangerjakta Mathilde

Når hardangerjaka Mathilde ligg i hamn ved Hardanger Fartøyvernsenter, kan ho leigast for kortare og lengre dagsturar. Om sommaren seglar Mathilde tokt langs kysten. Kvart tokt er på fem dagar, må bestillast i god tid. Tlf.: 56 55 33 50 Les meir...

 
Vandring

I Kvam finst det ei rekkje merka turløyper og stiar frå fjord til fjell. Både lette familievennlege turar og fjellturar opp til 1300 m.o.h. Mange gode fiskevatn og fine utsiktspunkt. Det finst fleire populære bilvandringsturar, ein kombinasjon av bilturar og godt tilrettelagde og merka fotturar. Kvar tur har sitt eige kart med beskriving av turen. Bilvandringskart og andre turkart får du hos turistinformasjonen. Kvam Turlag har om sommaren vekentlege turar som er opne for alle.

Fjelltoppar i Kvam
Nokre tur framlegg:
Norheimsund:  Steinsdalsfossen, Torefjell, Krokavatn/Vesoldo
Kvamskogen:  Byrkjesete, Steinskvanndalen , Såta/Tveitakvitingen   
Øystese: Fitjadalen, Skrott, Døgnope, Fuglafjellet, Gullfiskvatnet , Børvemarka
Ålvik: Tettstadvandring/Town walk/Stadtwanderung , Bjølsegrø
Tørvikbygd: Tørvikenuten/Vesoldo , Heradstveitstølen
Strandebarm:  Dalsete , Kråkenosi , Vesoldo
Oma:  Nyasete, Vikestølen
Tur for de sterke: 14 t. Fitjadalen - Skrott - Hamlagrø - Blåkoll - Botnen

 

 
Rundttur Sentrale Hardanger: Jondal - Utne

Ta bilferja frå Tørvikbygd til Jondal, der du kan køyra oppom Folgefonna. Sett så kursen nordover mot Utne. Vegen er ein del av dei Nasjonale Turistvegar i Hardanger. Ein passerar Hereiane som er eit særprega naturlandskap med "bølgjande" fjellformasjonar frå fjord til fjell. DNT merka sti frå rasteplassen. Vegen fortsetja gjennom idylliske Herand og Herand Landskapspark som er Norges kandidat til den Europeiske landskapsprisen i 2011.  På vei til Utne kan du besøkja Hardanger Kunstgalleri, på Utne ligg Hardanger Folkemuseum som er det eldste folkemuseet i Hordaland frå 1911. Musset har utstillingslokale og friluftsmusseum. Frå Utne kan du ta ferja til Kvanndal og tilbake til Kvam. Også ein fin sykkeltur (1-2 dagars tur).

 
Vikingskipet Tyra

Bli med på tokt med eit ekte vikingskip. Familievenleg tur. Plass til 10 roarar, må førehandtingast. Tlf.: 975 25 515

 


JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL

Søk i Visitkvam.no

Turistkontor info

Kvam Turistinformasjon,
Steinsdalsfossen
NO- 5600 Norheimsund, Norge
E-mail: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
Tel:(+47) 56 55 31 84

Opningstid sommaren 2017:
Norheimsund v/Steinsdalsfossen
måndag - fredag 10:00 - 16:00
02.mai - 19.juni og 21.aug - 22.sept
Høysesong:
måndag - sundag 10:00 - 18:00
19.juni - 18.aug


Kart over Hardanger

kart over Hardanger
Klikk her for stort kart i pdf.

Her finner du oss

Reset Map

Det skjer

Du er her  : Home Aktivitetar Tur forslag