Offisiell turistinformasjon - Kvam herad

visitkvam.no

Norsk bokmål (Norway)Deutsch (DE-CH-AT)English (United Kingdom)
Aktivitetar

Aktivitetar frå fjord til fjell som vandring på merka stiar eller bading i fjord og fjellvatn venter deg i Kvam. Den vakre Hardangerfjorden og det trollske Fyksesundet kan opplevast på fjordcruise, med kano eller kajakk .

Hardanger Trebåtfestivalen og Hardanger Frukt og Siderfestivalen er årlege arrangement for heile familien. Med bil og kart kan du reisa på oppdagelsesferd i og rundt Kvam. La deg inspirera av våre tur- og aktivitetsforslag som ligg under "Aktivitetar".

 
Overnatting

Moglegheitar for overnatting i Kvam er variert. Langs fjorden frå Strandebarm via Norheimsund og Øystese til Ålvik finn du hytter og hus, campingplassar, ærverdige hotell, DNT hyttar på fjellet eller gardar med gardsferie tilbod.

Sjå "Overnatting" eller ta kontakt med turistinformasjonen.

 

 
Hangglide frå Kjosås

 


 
Hardanger Fartøyvernsenter

 

Hardanger Fartøyvernsenter - eit annleis museum

 
Attraksjonar

Steinsdalsfossen er ein av Noregs mest besøkte fossar. På godt opparbeida sti kan du gå bak fossen og nyta naturen sine krefter.

Gullfiskvatnet som ligg 5 km frå Øystese, kan du mate gullfiskane frå land. I tilegg til naturattraksjonar har Kvam fleire museum som Hardanger Fartøyvernsenter eller Ingebrigt Vik museum/ Kunsthuset Kabuso. Les meir om dei enkelte utfluktsmål under "Attraksjonar".

 
Mat og drikke

I Kvam får du smaka lokale ganegledar som Hardinglam, lefser, eplekaker, sider og mykje meir. Hardanger er kjent for frukt av særs høg kvalitet, som til dømes Hardangerepla, plommer og morellar.

Kvam har mange ulike serveringstilbod. Mange av desse tilbyd ein
Hardangermeny. Sjå meir under "Mat og drikke".

 
Smaken av Hardanger

 

Hardanger frukt og sider festival

 
Kontakt oss / Contact us

- Kvam Turistinformasjon, Steinsdalsfossen / e-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen / tlf:+047-56553184  -

 

Søk i Visitkvam.no

Turistkontor info

Kvam Turistinformasjon,
NO- 5600 Norheimsund, Norge
E-mail: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
Tel:(+47) 56 55 31 84

Opningstid sommaren 2014:
Norheimsund v/Steinsdalsfossen
måndag - fredag 10:00 - 16:00
2.mai - 20.juni og 25.aug - 30.sept
måndag - sundag 10:00 - 18:00
21.juni - 24.aug


Kart over Hardanger

kart over Hardanger
Klikk her for stort kart i pdf.

Her finner du oss

Reset Map

Det skjer

Du er her  : Home